Østerdalsmusikk 1975 * 2015

Det er ei historisk hending når Østerdalsmusikk 1975 no blir tilgjengeleg igjen. Både på vinyl - og digitalt (sleppdato 20.09.2015) NORCD er svært stolte over å presentere vår første doble vinylutgjeving der nyinnspelinga som kom ifjor, er tilgjengeleg på vinyl saman med originalen. Det er 40 år sidan primus motor, trompetist, trommis, komponist og arrangør Torgrim Sollid lanserte det mange reknar som den første norske utgjevinga der jazzmusikk vart kobla med norsk folkemusikk.

 

"Det var en tilfeldighet at jeg stiftet bekjentskap med folkemusikken fra Østerdalen, og spesielt fra min hjembygd Stor-Elvdal og Sollia, representert ved O.M. Sandviks bok Østerdalsmusikken. Det var som å stupe ned i en skattkiste av musikk"  seier Torgrim Sollid."

 

Torgrim Sollid fann til slutt ut at originaltapene var teke vare på av lydteknikar Håkon Manheim, i Seljord. Vi fekk dei trygt overspelt i Rainbow av Hr. Kongshaug. Østerdalsmusikk 1975 er ei fantastisk innspeling. Det er rett og slett slik at vi lurer på kvifor ikkje fleire norske jazzmusikarar greip tak i eller vende seg til sine heimlige røter og utforma noko liknande. Eineståande spel, arrangement og improvisasjonar. Og det må nevnast at "nyoppfunne greier" som klangmaskiner og bruk av headset set sit preg på nokre spor. Og ein høyrer at musikarane har det moro. Ellers er det beint fram musisering i eit homogent og energifyllt lag av musikarar som seinare har hatt størst mulig betydning for utviklinga av norsk jazz fram til idag. Sett dykk ned og lytt - og lær!

Musikk i Hedmark ved Torbjørn Bækkevold har hovudæra for at Østerdalsmusikk 1975 - 2015 er eit faktum.

 

Torgrim Sollid i 1975:

"Dænni plata er spelt inn førde vi syns det er riktig å drive med de musikalske røttn våre. Og så syns vi det er synd at ingen har hørd all denna fine musikken på synnsameli lenge. Vi takker O.M.Sandvik for´n skrev "Østerdalsmusikken", og vi takker´n Ingolf S. Hanssen på Koppang for at´n hadde dænni boka i hylla, slik at vi fekk sjå´n. Og blomster åt a Helga Hagestuen som lærde øss Polsdainsen. Er det nåen som vil væta mer, så får døm læsa i hefte som ligg inni omslaget. Så får dø ha det bra med musikken"

 

 

2015   LP2

Vi har fått ein sterk oppfølgar til originalen der ensemblespel og solistiske prestasjonar overgår mykje av det som blir skapt i denne sjangeren. Musikken bør appelere til langt fleire enn eit lydhøyrt norsk jazz- og folkemusikkpublikum. Ensemblet tel ni musikarar som høyrleggjer Sollids glimrande arrangement og som tilfører friske nye klangar, improvisasjonar og melodiske krumspring. I botn ligg folkemusikken, tradisjonane i deler av den norsk musikalsk arven vi skal vera stolte av – og bruka. Materialet er usliteleg, og når det blir spelt og musisert på denne kraftfulle måten er det ein sann fryd å vera lyttar.

 

Torgrim Sollid i 2015:  "Vi har delvis flytta inn i det gamle huset fra 1970-tallet, men revet noen vegger og bygd på noen rom, samt skifta ut mye av inventaret. Grunnmuren er beholdt, i form av stor respekt for det de gamle tradisjonsbærerne fortsatt har å fortelle oss."

           

Lanseringsår 
2015
Katalognummer 
NORCD1565LP2

Andre utgjevingar