Amalgamation

I samband med NORCD25år lanserer vi 4 av Kenneth Sivertsen (1961-2006) sine utgjevingar digitalt og har no samla 7 av hans utgjevingar i vår katalog. Det betyr at svært mykje meir av gitaristen og komponisten sin musikk no vil vera tilgjengeleg på dei viktigaste digitale plattformar for strøyming og nedlasting. Hans første jazz-instrumental-album frå 1985, “Amalgamation” har fram til no kun vore tilgjengeleg på vinyl, originalt gjeve ut på Hot Club Records. Det finst nokre få CD-eksemplar igjen av dei andre av utgjevingane som kom på selskapeet Nimis. Desse kan tingast via våre heimesider og på epost. Våren 2016 er det skipa ei venneforening for Kenneth Sivertsen. Informasjon om deira aktivitet finst på fb.

Andre utgjevingar