Ambjørnsen&Bo

På leiting etter lett, urbanpoetisk stoff, kom Anne Braathen i prat med Ingvar Ambjørnsen (begge kom til Hamburg på 80-talet) og meir som ein spøk, tilbaud Ambjørnsen eit par surrealistiske kortprosatekster frå seine nattetimar. Tekstane på denne utgjevinga, lest av Ingvar Ambjørnsen, handlar om ei triviell verd utan heilt vanlege samanhengar og med flytande konturar. Midt i det heile opptrer figuren Bo. Episodane, er ei blanding av detaljert observasjon og surrealistisk feiltolkning, i ein slags lakonisk avslappa atmosfære, let seg forstå på mange måtar. Og dei oppfordrar til improvisasjon! Allereie under dei første prøvane med bandet og Ambjørnsen var det klart at Bo si verd på ein utmerka måte lot seg sameine med A.R.S. sitt musikalske kosmos. Sjølv Ingvar Ambjørnsen var oppglødd: "Det høyres ut som Anne tek orda mine og brukar stemma si som instrument for å svare dei to andre musikarane. Morosamt og fantastisk:" Det er også dette albumet.

# Tittel Spelelengde
1 7 min 19 sec
2 3 min 54 sec
3 52 sec
4 5 min 54 sec
5 6 min 14 sec
6 1 min 8 sec
7 4 min 47 sec
8 4 min 11 sec
9 6 min 30 sec
10 13 min 38 sec
11 9 min 1 sec
Lanseringsår 
2001
Katalognummer 
NORCD0141