Bergen Open

Den basslause trioen Bmx har spelt saman sidan våren 2006. Den opprinnelege tanken var å spele ein konsert, med musikk inspirert av Motian-Frisell-Lovano-trioen. Njål og Thomas hadde då spela saman i Dingobats i 10 år, medan Øyvind hadde hatt dei begge som lærarar henholdsvis på Sund folkehøgskule og Griegakademiet.  Musikken tok snart si eiga retning og fokuset vart umiddelbart flytta mot eige materiale, med intensjonen om å dra det komponerte i nye retningar ved kvar gjennomspeling. Dahl og Ølnes har i perioden 2007-2009 teke mastergrad i jazz ved NTNU. I samband med det brukte dei  Bmx som "verktøy", og arrangert prosjekt med trioen i møte med ulike sentrale musikarar; Jon Eberson, Ingar Zach, Ståle Storløkken, Jon Balke, Hilmar Jensson, og sist men ikkje minst, Per Jørgensen. Samarbeidet med Per Jørgensen starta med ein øvingsperiode og påfølgande konsert på Nattjazz 2007. Dette vart så vellukka at det vart vidareført gjennom fleire turnèar i etterkant.

 

Bmx

# Tittel Spelelengde
1 46 min 44 sec
1 8 min 54 sec
2 5 min 46 sec
3 5 min 46 sec
4 5 min 9 sec
5 18 min 55 sec
Lanseringsår 
2010
Katalognummer 
NORCD1097