Den tredje dagen (LP)

På si tredje plateutgjeving ville trioen Parallax gjera noko nytt. Dei inviterte med seg musikar og komponist Rob Waring til å produsere innspelinga, og gjennom tre døgn i havgapet på Giske utanfor Ålesund vart Den Tredje Dag spelt inn. Med utgangspunkt i enkle skisser og strukturar vart materialet på plata utvikla gjennom ein spennande, kreativ og lærerik prosess. Det nye for Parallax som improvisasjonensemble er her at dei nyttar studioet sine muligheiter for klipping, pålegg og tilskrudde klanglege nyansar. Ei spennande reise. Trioen har ein open og leiken tilnærming til spontan musisering, og har etter mange aktive år opparbeida seg eit eige lyduttrykk. Tid, stad og rom er medskaparar til trioens musikalske valg, der musikk aldri kan settast i bås.

On their third album the trio Parallax wants to do something new. They invited musician and composer Rob Waring as a producer, and through three days by the ocean at Giske outside the Norwegian city Ålesund was "The Third Day" recorded. Based on simple sketches and structures were material on the record developed through exciting, creative and informative process. The new for Parallax as improvisation ensemble, is that they use the studio-facilities such as cutting, topping and timbral nuances. The trio has an open and playful approach to spontaneous musicianship, and has for many active years acquired a unique sound. Time, place and space is helping to create the trio's musical choices, where music never is categorize.

Parallax:  Stian Omenås, trompet, perkusjon Are Lothe Kolbeinsen, gitar, preparasjonar, Ulrik Ibsen Thorsrud, trommer, perkusjon

Tor Hammerø sin omtale av Den tredje dagen (28.12.14.)

 

Lanseringsår 
2014
Katalognummer 
NORCD1449LP

Andre utgjevingar