Dikt

Oppfølgaren til Prosa (1996) - ti år etter. Her les Jon Fosse utvalgte dikt med nykomponert musikk av Karl Seglem.  Ein eigen klangplass der levande ord møter levande tonar. Prosa- og diktlinjene til Fosse og komposisjonane og improvisasjonane til Seglem smeltar saman til noko heilt eige. Ikkje mainstream dikt, ikkje mainstream jazz, ikkje mainstream folk, men Fosse-Seglem. På mange måtar arbeidar desse to kunstnarane med mykje av det same, på kvar sine felt. Dei står begge i det vestlandske. Klangane, fargane og pusten frå det særprega fjord- og fjellandskapet i Sogn og Hardanger har set tydelege avtrykk i det dei skapar. Dei formidlar på kvar sin ulike måte gjennom ord og tonar, fasinerande spenningar i og av klang. To sterke stemningskaparar. Dei maktar begge å skapa klang ut frå noko enkelt. Noko reinskore ut av lite. Dei to studio-møta har resultert i fortetta stemningar, og luftig ventande ro. Dei karakteristiske hoggande mjuke rytmane er til stades i Jon Fosse si eiga opplesing. Seglems klangar skapar framdrift - rørsle. Rørsler som formar noko nytt. Albuma er sjeldne og særprega. Prosa og Dikt er gjeve ut som ein dobbelCD.

Andre utgjevingar