Ei som deg

Dei fleste av låtane på dette albumet er opprinneleg amerikanske film- og musikalsongar frå 1920-, 30- og 40-talet.
Trompetisten og songaren Chet Baker satte sin eigen unike signatur på dette materialet med sitt poetiske trompetspel og si unike stemme. Gruppa Baker Hansen har henta fram desse songane, og formidlar dei med eit intenst nærvær - for vår tid. Den samspelte kvintetten presenterer nye arrangement, og tekstane er på vårt eige morsmål - sungne på halling-dialekt.

Andre utgjevingar