Filleflabben Syng

På "Filleflabben syng" blir du med anna kjent med Filleflabben, Sutteslanten, Ågot og Steinar. Songane og tekstane er leikende, utadvendte, burleske, rare, morosame og alvorlege. Denne utgjevinga er ein freistnad på å skapa noko som ikkje er A4, og som står fjellstøytt på sin eigenart i tekstar og melodiar. Opphavsmennene meiner at barn fortjener gjennomarbeida og gode kvalitetsproduksjonar, og ønskjer med "Filleflabben" å ta barn på alvor og skapa ei plate dei kan glede seg med. Albumet er eit produkt av eit møte mellom forfattaren Rolf Sagen og musikaren Rolf Stensland, som dessverre gjekk bort kort tid etter innspelinga. Plata er produsert av jazzmusikaren Karl Seglem, som også speler tenorsaksofon. I tillegg til Sagen som resiterar og Stensland som speler tangentar, gitar og syng, deltek Ivar Bern på gitar, Peter Jakobsen på bass, Harald Skullerud på trommer og Ramona Nymark og Elin Rosseland på vokal. Inneheld 14 spor Tekstane finst i teksheftet

# Tittel Spelelengde
1 3 min 23 sec
2 2 min 18 sec
3 3 min 12 sec
4 1 min 51 sec
5 2 min 55 sec
6 3 min 33 sec
7 3 min 13 sec
8 2 min 36 sec
9 3 min 17 sec
10 1 min 29 sec
11 2 min 20 sec
12 2 min 16 sec
13 3 min 42 sec
14 2 min 45 sec
Lanseringsår 
2008
Katalognummer 
NORCD0769