Gamle daga



BakerHansen er historia om fem norske jazzutøvarar som tek Chet Baker med på ei norsk språkreise.
 Resultatet er eit spennande møte mellom amerikansk cooljazz og norsk fjelluft, tidlege jazzstandarder og vårt eige morsmål.

Debutalbumet “Ei som deg” mottok fine kritikkar og bandet har turnert mykje i  Norge sidan utgjevinga. Overalt har responsen vore overveldande positiv, og bandet har etterkvart fått ein solid og aukande “fan-skare”.



Bandets nye album “Gamle daga” er ei velspelt glitrande reise der ein sit att med ei avslappa ro og det kjennes ut som om ein har oppdaga noko nytt. Gjennom friske arrangement med hint av både nostalgi og nyskaping, vil gamle og nye fans av BakerHansen både oppdage ein jazzlegende, og få øyrene opp for unge utøvarar på den vitale norske jazzscena. Ingen er i nærleiken av å gjera det på BakerHansen sitt vis. Det er eit eineståande andrealbum.

Kvintetten tek også på denne utgjevinga opp arven etter den store amerikanske trompetisten/vokalisten Chet Baker (1929-1988). Hans repertoar får fornya kraft gjennom nyskrivne, nynorske tekstar, attdikta av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. At tekstane er på vårt eige språk gjev publikum høve til å møte denne musikken på nært hald, og lytte med "nye øyre" på klassikarar frå standardrepertoaret.

Les fine omtaler av utgivelsen:

salt peanuts*

Tor Hammerø I blogg

# Tittel Spelelengde
1 7 min 43 sec
2 4 min 57 sec
3 4 min 44 sec
4 4 min 2 sec
5 2 min 52 sec
6 4 min 58 sec
7 6 min 10 sec
8 6 min 24 sec
Lanseringsår 
2016
Katalognummer 
NORCD1659

Andre utgjevingar