I eit landskap

Utgjevinga presenterer ny norsk kammerjazz, spelt frå ein ny generasjon unge musikarar der pianisten og komponisten Roaldsnes står i front som ein markant og talentfull utøvar i ferd med å forma sitt heilt eige språk. Albumet "I eit landskap" er ei oppfølging av debutalbumet "Først" (NORCD1212), som fekk rosande omtale i norsk presse.
På kvar sin kant har musikarane i ensemblet utmerka seg både nasjonalt og internasjonalt. Dag-Filip Roaldsnes utforskar det klanglege potensiale i sitt ensemble. Han arbeidar med ulike teksturar og klangar og han utforskar mange ulike spenningsfelt mellom improvisasjon og komposisjon på sin personlege måte.

Roaldsnes utdjupar: "Denne musikken spring ut frå møte mellom to landskap, Valderøya og Oslo. Inspirasjonen til å laga albumet har vore å sett nærmare på innflytelsen frå desse plassane, sette dei opp mot kvarandre, få dei til å møtes og sjå om dette arbeidet kan føre til at musikken kjem nærmare meg sjølv, den eg er".

Albumet er "live" og analogt innspelt. Alle musikarane samla i eit rom og fleirspors "gammaldagse" spoleband-opptakarar er nytta. Brian Eno seier i eit intervju at alle dei freistingane teknologien gjev oss  ”is to smooth everything out”. Det meste av det vi blir presentert for i dag er redigert, klippa i, retusjert osb. Poenget til Eno er at når vi nyttar alle muligheitane teknologien gjev, misser vi eit menneskeleg aspekt: At vi er feilbare.

Dag-Filip Roaldnes sitt ønske med å spela inn på spoleband var at det menneskelege ved å spela skulle tre fram. At det skulle bli rått, direkte, organisk og ærleg. "I eit landskap" er nettopp det, - og så mykje mykje meir -

 

Andre utgjevingar