Kaïra

Mandinka-basert form for mbalax! Musikken på Kaira er på ein måte meir oppjazza men framleis stram i formen. På eit massivt komp improviserer Solo Cissokho på kora og Olav Torget på gitar. Det er rytmisk og leikande, og lyrisk nok til at koraen sine vakre klangar kjem til sin rett. Torgets glitrande gitarspel svarar og understøttar koraen. Måten musikken vert improvisert fram på, delvis med lange soloar, samt dialog kora-sologitar gjer det nærliggande å kalla dette afrojazz. Cissokho System har klart å skapa noko originalt. Heilt på høgde med det beste av det som blir skapt på world music scenen idag.

# Tittel Spelelengde
1 4 min 3 sec
2 4 min 28 sec
3 6 min 15 sec
4 6 min 27 sec
5 5 min 17 sec
6 4 min 8 sec
7 6 min 42 sec
8 5 min 40 sec
9 5 min 22 sec
Lanseringsår 
2003
Katalognummer 
NORCD0349