Ljose-Signe

Frå drivande danseslåttar med rytmisk snert, til vare visetonar i nennsame arrangement. Trioen Glima sluttfører ein CD-triologi med ei svært sterk og utadvendt folkemusikkplate.Trioen Glima spelar det ein kan kalle kammerfolkemusikk, og  er ein utradisjonell stryketrio som arbeidar med og framfører norsk folkemusikk i eigne arrangement.  Musikarane har solid forankring i den tradisjonelle folkemusikken, men let seg inspirere av andre impulsar, både nasjonale og internasjonale. Instrumenteringa er hardingfele, bratsj og cello i ulike instrumentelle kombinasjonar og i tett samspel. Glima arrangerer slåttane på  eigne premiss, og resultatet er eit eigenarta og klangfullt uttrykk trioen er åleine om å skapa. Cello og bratsj ikkje berre akkompagnerer, men følgjer hardingfela inn i stoffet. GLIMA ER: Helene Waage (cello/vokal/harpe) arbeidar som frilansmusikar i ulike - og tverrfaghlige samanhengar. Ragnhild Knudsen (bratsj/hardingfele) er  som utøvar aktiv i fleire samanhengar i tillegg er ho er lektor ved folkemusikk­studiet i Rauland, Høgskolen i Telemark. Torunn Raftevold Rue (hardingfele)  godt forankra i folkemusikktradisjonen frå Hornindal, og er ein erfaren og mykje brukt soloutøvar på hardingfele.

Lanseringsår 
2016
Katalognummer 
NORCD1670

Andre utgjevingar