Mjuke vek

Eit vakkert og neddempa album for mørke varme kveldar - heile året. Utgjevinga er ei vidareutvikling frå Lena Skjerdals forrige album og er eit naturleg steg i eit fruktbart triosamarbeid, der pianisten og komponisten Eirik Halvorsen er sentral. Mjuke vek inneheld ny musikk og tekstar formidla på norsk av Lena Skjerdal, Erik Halvorsen og Karl Seglem. Noko av musikken er basert på tradisjonelle folketonar frå Sogn og Fjordane og det meste av musikken har jazzen som eit hovudsakleg klang-ideal. Dette blir også forsterka ved gjestmusikarar som Terje Isungset og Karl Seglem som begge bidreg til å gjera lydbildet opent og spennande. Noko av tekstmaterialet er forfatta av Lena Skjerdal med innslag av tradisjonelle tekstar frå fleire land og norske nasjonalskaldar som mellom anna Tor Jonsson og Per Sivle. Produksjonen har eit reint, naturalistisk og akustisk lydbilde der intimiteten og nærleiken til formidlinga er tydeleg. Kort veg mellom formidlar og lyttar. Skjerdal seier sjølv at hovudinspirasjonen til denne innspelinga har komme gjennom den nærleiken ei mor har til eit born som blir sunge til. Lena Skjerdal, vokal Erik Halvorsen, piano Ole Marius Sandberg, bass Terje Isungset, slagverk,perkusjon Karl Seglem, t.saksofon, bukkehorn

A beautiful album for dark, hot nights. The release is a further development of Lena Skjerdal´s previous album. "Mjuke vek" contains new music and texts given to you in Norwegian by Lena Skjerdal, Erik Halvorsen and Karl Seglem. Some of the music is based on traditional folkmusic from Sogn og Fjordane and most of the music has jazz acting as a mostly sound-ideal. The production has a pure, naturalistic and acoustic soundstage where intimacy is evident. Skjerdal says that the inspiration for this recording has come through intimacy when a mother sings to a child.
Lena Skjerdal, vocals Erik Halvorsen, piano Ole Marius Sandberg, Bass Terje Isungset, percussion, percussion Karl Seglem, t.saksofon.

Les fin omtale på salt-peanuts.eu

Flere gode omtaler av Mjuke vek

Andre utgjevingar