Nunatak (LP)

Nunatak (LP front)

Karl Seglem mottok eventyrleg respons på sitt tingingsverk Som spor, som kom på plate i 2014. Det er samme sterke besetning som no har forma Nunatak. Fleire av dei mest framståande musikarane i landet idag der meisterspelemannen Håkon Høgemo er sjølve hardingfelemotoren. For hardingfeleklangen er sentral og gjennomgåande på dette albumet, saman med ny klang av bukkehorn og Karl Seglems kraftfulle tenorsax. Ingen brukar hardingfela som eit riff og dronebasert instrument som Karl Seglem. Nunatak har frå første tone Karl Seglem si karakteristiske "klo" i rytme og melodiføringane, og det er framført med overtyding og energi av ein samspelt og dynamisk septett. Eineståande i ordet si rette tyding. Så har då også Karl Seglem vorte karakterisert som "ein musikalsk nasjonalskatt" av Aftenposten.

Albumet byggjer i hovudsak på eit konsertopptak gjort på Riksscenen i Oslo. Og det har vore arbeida med i fleire år. Det er ei klar linje frå eit av Seglems tidlege verk "Øko" og fram til Nunatak. Seglem har alltid vore oppteken av vår forvaltning av miljøressursar, klima og ikkje minst av all den "uforståelege" forureininga mennesket driv med på jordkloden. Det provoserer han like mykje å sjå nordmenn kasta sneipar på gata som at massiv nedhogst av regnskog held fram og held fram. 

"Verdshava er fulle av plast. Polane smeltar. Kloden er varmare. Det pregar meg og min livstil, mitt livsyn. Mi skaparkraft" seier han. "Eg har dårleg samvet. Kva kan eg gjera utover å resirkulere, kjøpa mindre, ikkje kasta mat, ikkje fly"? spør han. "Naturen er livsviktig for meg. Det er i naturen eg hentar krefter, får skapartrang og inspirasjon, finn ekte og ofte svært enkle gleder. Det er der musikken på mange måtar kjem til live. Gjennom å vera i natur, bruka og oppleva den" Karl Seglem karakteriserer Nunatak som eit "skrik". Ser seg sjølv som ein fjelltopp som stikk opp over isen og skrik! Og han fortel om ei sorg - "Kanskje den sorga har gjort dette albumet til noko usedvanleg sterkt, iallfall for meg? Eg tenkjer ofte på min bror: Vær sterk, stå imot, gjer alt det beste du kan alltid" Og legg til: "Lev no - og lytt no. Skap noko. Finn meining i noko lite som difor blir stort"

Lanseringsår 
2018
Katalognummer 
NORCD1893LP

Fysisk salg

Andre utgjevingar

Nordic Balm LP
NORCD1779
Oslo14 Vokalensemble Cd-front
Budda & Reven - single
featuring Odd Nordstoga