NyeSongar.no

Ei poetisk reise i eit akustisk jazzlandskap - og ei vidareføring av Norskjazz.no (2009). Karl Seglem utforskar musikalske grenser. NyeSongar er hans femtande solo-album. Som musikar, komponist og poet har Karl Seglem mange jern i elden. Med sin akustiske kvartett ynskjer han først og fremst å dyrka ein melodisk og klassisk jazzkvartett-sound, på sin eigenarta måte. NyeSongar har mange sterke melodiar og er ei kontemplativ innspeling som lokkar lyttaren inn i rom av rolege klangflater med ein eigen energi. Utgjevinga innheld 9. komposisjonar, og det må vera første gong ein kan høyra bukkehorn i improviserande samspel med akustisk jazztrio. NyeSongar er musikalsk poesi. Innspelinga er open og trygg, søkande og spørjande. Eit nytt spennande steg for innovatøren Seglem i samspel med framstormande yngre norske jazzmusikarar. Han lanserer også si andre poesi-samling seinare i haust og NyeSongar kan kanskje seiasst å vera lydsporet til diktsamlinga? Eit poetisk univers som er originalt og nyskapande. NyeSongar er spelt inn i Formannshuset i Odda. Kvartetten drog dit for å bruke eit sagnomsust Steinway D flygel under innspelinga. Instrumentet kom til Odda frå Universitetets Aula i Oslo på byrjinga av 60-talet og har ord på seg for å vera blant verdas beste!, grunna ein unik fylde, varme, klang. Keith Jarrett og Theolonius Monk er blant dei som har spelt på flygelet. Innspelinga vart gjort live i løpet av to intense dagar. All musikken er spelt rett inn - utan pålegg eller endringar i etterkant. 
# Tittel Spelelengde
1 7 min 3 sec
2 5 min 4 sec
3 4 min
4 7 min 17 sec
5 5 min 32 sec
6 4 min 39 sec
7 5 min 19 sec
8 8 min 1 sec
9 5 min 21 sec
Lanseringsår 
2013
Katalognummer 
NORCD1322

Andre utgjevingar

Nordic Balm LP
NORCD1779
Budda & Reven - single
featuring Odd Nordstoga