Nyesongar.no (LP)

For stereofile! Ei vidareføring av Norskjazz.no (2009). Karl Seglem utforskar musikalske grenser. NyeSongar er hans femtande solo-album. Med sin akustiske kvartett ynskjer han først og fremst å dyrka ein melodisk og klassisk jazzkvartett-sound, på sin eigenarta måte. NyeSongar har mange sterke melodiar og er ei kontemplativ innspeling som lokkar lyttaren inn i rom av rolege klangflater med ein eigen energi. Utgjevinga innheld 9. komposisjonar, og det må vera første gong ein kan høyra bukkehorn i improviserande samspel med akustisk jazztrio. NyeSongar er musikalsk poesi. Innspelinga er open og trygg, søkande og spørjande. Eit nytt spennande steg for innovatøren Seglem i samspel med framstormande yngre norske jazzmusikarar. Eit poetisk univers som er originalt og nyskapande. NyeSongar er spelt inn i Formannshuset i Odda. Kvartetten drog dit for å bruke eit sagnomsust Steinway D flygel under innspelinga. Instrumentet kom til Odda frå Universitetets Aula i Oslo på byrjinga av 60-talet og har ord på seg for å vera blant verdas beste!, grunna ein unik fylde, varme, klang. Keith Jarrett og Theolonius Monk er blant dei som har spelt på flygelet. Innspelinga vart gjort live i løpet av to intense dagar. All musikken er spelt rett inn - utan pålegg eller endringar i etterkant. Kremlyd av Audun Strype.

Lanseringsår 
2013
Katalognummer 
NORCD1321

Andre utgjevingar

Nordic Balm LP
NORCD1779
Budda & Reven - single
featuring Odd Nordstoga