Prosa

Her les forfattaren Jon Fosse tekstar frå sitt forfattarskap i samklang med saksofonisten Seglem sine tonar og musikarane Arve Henriksen og Håkon Høgemo m.fl.. Utgjevinga fekk svært positive kritikkar og vart omtala som ei av årets vakraste CD-innspelingar av m.a. Bergens Tidende. Prosa- og diktlinjene til Fosse og komposisjonane og improvisasjonane til Seglem smeltar saman til noko heilt eige. Ikkje mainstream dikt, ikkje mainstream jazz, ikkje mainstream folk men Fosse-Seglem. På mange måtar arbeidar desse to kunstnarane med mykje av det same på kvar sine felt. Dei står begge i det vestlandske. Klangane, fargane og pusten frå det særprega fjord- og fjellandskapet i Sogn og Hardanger har set tydelege avtrykk i det dei skapar. Dei formidlar på kvar sin ulike måte gjennom ord og tonar, fasinerande spenningar i og av klang. To sterke stemningskaparar. Dei maktar begge å skapa klang ut frå noko enkelt. Noko reinskore ut av lite. Studio-møta har resultert i fortetta stemningar, og luftig ventande ro. Dei karakteristiske hoggande mjuke rytmane er til stades i Jon Fosse si eiga opplesing. Seglems klangar skapar framdrift - rørsle. Rørsler som formar noko nytt. Albumet er sjeldent og særprega.

Andre utgjevingar