Som spor (LP)

"– Musikken hans minner om opne, sterke landskap, om revna fjell framom ein mørk horisont og om skummande hav i stormen. Tonen hans er som skuggar i ein seinsommarkveld med pulserande lys frå ei låg sol". Dette skreiv den tyske avisa Süddeutsche Zeitung i ein konsertomtale av Karl Seglem nyleg. Tenorsaksofonisten vart samanlikna med genuine storleikar som Brian Eno og John Coltrane og konsertane hans skildra som lange musikalske reiser i heimlandet Norge  - og i jazzhistoria. Som spor er spelt inn live på Nasjonal Jazzscene i Oslo og viser til fulle musikaren og komponisten sitt framståande arbeid som nyskapande tradisjonsberar i musikalske skjæringspunkt mellom jazz- og folkemusikk. Det er få i Europa som har utvikla eit så genuint eigenarta tonespråk. Som spor fekk prisen Årets verk av NOPA i 2012. Det er lansert tre ulike versjonar av verket. CD-utgjevinga er komplett med alt materialet og rommar 68 minutt musikk. Denne LP´en er 2 x 22 minutt med kremlyd, og poesiopplesing frå Seglems siste poesibok Kvit frekvens, stille spor. På WIMP er heile verket i ei spesialtilpassa fil på 66.16 minutt lagt ut for strøyming.

Lanseringsår 
2014
Katalognummer 
NORCD1446LP

Andre utgjevingar

Nordic Balm LP
NORCD1779
Budda & Reven - single
featuring Odd Nordstoga