Tårån

Kammerfolkemusikktrioen Glima har spelt saman sidan 1997 og kom med sin første CD, Glima, i 2001. Tårån er deira andre utgjeving og den vart nominert til Folkelarmprisen i 2009. Glima framfører tradisjonell norsk folkemusikk i eigne arrangement, mest frå Telemark og Nordfjord. Musikarane nyttar hardingfele, bratsj og cello, eller to hardingfeler og cello, i tett samspel. Glima arrangerer slåttane på folkemusikkens eigne premiss, og resultatet kan gjerne kallast kammerfolkemusikk. Cello og bratsj ikkje berre akkompagnerar, men følgjer hardingfela inn i stoffet. Repertoaret spenner frå drivande danseslåttar med rytmisk snert til vare visetonar i nennsamt arrangement.  Musikarane har solid forankring i den tradisjonelle folkemusikken, men let seg og inspirere av andre impulsar. 

 

# Tittel Spelelengde
1 2 min 9 sec
2 2 min 51 sec
3 2 min 13 sec
4 2 min 40 sec
5 2 min 35 sec
6 2 min 11 sec
7 2 min 32 sec
8 2 min 1 sec
9 3 min 18 sec
10 2 min 57 sec
11 2 min 12 sec
12 2 min 58 sec
13 2 min 10 sec
14 3 min 48 sec
Lanseringsår 
2009
Katalognummer 
NORCD0981

Andre utgjevingar