Texas

Trombonist Øystein Blix, gitarist/vokalist Nils Olav Johansen, bassist Niels Præstholm og trommeslager Tor Haugerud fekk med seg trompetist Didrik Ingvaldsen som gjest på Texas. Bandet sitt lydbilde vart svært vellukka utvida. Ingvaldsen kler det søkjande og originale Blixbandet som her opererer i ein slags melodiøs og groovy avantgardejazz. Lyttarvennleg og nybrytande på same tid. Den kollektive innsatsen er sterk, men gitaristen Nils Olav Johansen utmerkar seg og får på mange måtar musikken ut over kanten. Til lyttaren.

Andre utgjevingar