Tingeling

Det aller meste på denne innspelinga handlar om Eldbjørg Raknes sine sterke vokalprestasjonar. Det er vart, poetisk og intenst. Saman med eit glimrande samspelt band der gitaristen Nils Olav Johansen igjen set eit solid fotavtrykk, er komposisjonane på TINGeLING meisterleg framført. Syngande tekstar av poetar som Hemingway, Joyce og Neuruda vevd inn i sensuell og glitrande improvisasjon.