Trodl (single)

Ein mørk rufsete og sakte gangar-aktig hardingfeleslått spelt på tungehorn (bukkehorn med flis/rør), hardingfele, bass, gitar, trommer, el.piano/synths og ordlaus vokal. Det er som ein høyrer eit TRODL (troll!) baksa i skogen, i det løynde. Seglem meinar det er å bruka litt for store ord å seia at noko han har skapt er fullbyrda - men datoen 12.12.12 innbaud til å lansere ein skikkeleg "trodlete" låt. Om talet 12 er nemleg dette skrive: "Talet 12 har karakter av noko som er fullbyrda og altomfattande, noko ideelt, uimotseieleg og opphøga.12 stadfestar åndeleg og jordisk orden, og 12 blir sett på som eit heilagt og lukkebringande tal". I den nye tv-serien om folkemusikk som blir lansert på NRK i desember 2012 / januar 2013, framfører Karl Seglem låten i samspel med fleire av dei fremste musikarane i Norge. Serien har namnet Folk:LAB.

# Tittel Spelelengde
1 5 min 27 sec
Lanseringsår 
2012
Katalognummer 
NORCD121212

Andre utgjevingar

Nordic Balm LP
NORCD1779
Budda & Reven - single
featuring Odd Nordstoga