Undergrunnane

Med denne underfundige albumtittelen presenterer pianisten Erik Halvorsen ni komposisjonar. Albumet er innspelt i hans eigen heim - med adresse Grunnane - derav tittelen. Der har Erik Halvorsen eit Bechstein-piano med ein heilt unik klang - som måtte vera med på innspelinga. Instrumentet inspirerte til musikalsk utforskning og sterkt trio-samspel. Opptaka er gjort av ”5071 Bergen” i mobil utgåve med produsent Kato Ådland og teknikar Morten Skage, som også har miksa platen. Kato Ådland bidreg med elektroniske lydlandskap mellom komposisjonane. Erik Halvorsen hentar inspirasjon fra ulike jazztradisjonar, via ukrainsk og svensk folkemusikk til meir ekspressive klangar henta frå samtidsmusikk og frijazz. Improvisasjon og samspel står i høgsetet.

# Tittel Spelelengde
1 4 min 17 sec
2 4 min 6 sec
3 4 min 43 sec
4 4 min 10 sec
5 4 min 9 sec
6 4 min 5 sec
7 5 min 15 sec
8 4 min 19 sec
9 4 min 12 sec
Lanseringsår 
2014
Katalognummer 
NORCD1431