Urbs

“Urbs" er latin og tyder by. Styrken til denne glimrande kvintetten er mangfaldet og energien. “Eg føler meg i slekt med noko som har vore før meg og prøver å fornya, bruka det medvite i min musikk”, seier Karl Seglem. Rytme, rørsle, framdrift og ro er stikkord ein kan nytta for å skriva noko om kva slags musikk som er skapt. Verdensmusikk med norske røter. Musikken bevegar seg i landskap mellom tradisjonalitet og modernitet. Bandet er utvida med eit medlem og Seglem løftar den rytmiske og melodiske horisonten i sin musikk enno nokre hakk. Seglems musikk har stort spenn. Som tenorsaksofonist og bukkehorn-spelar, er han i ein klasse for seg, og som komponist har Karl Seglem meisla ut eit heilt eige tonespråk. Karl Seglem påstår at den nye utgjevinga “URBS” er hans beste så langt i forhold til det han har arbeida med over lang tid: Å sameine det mange oppfattar som eit norsk folketonespråk  - med improvisasjon, og med element frå andre musikktradisjonar og genrar som har opphav i Afrika og Nord Amerika. Albumet er ei tydeleg videreføring av Spellemannprisnominerte “Femstein” (Åpen klasse). Innspelinga er sjangeroverskridande i ordets beste forstand: støy frå bukkehorn, elektronika-svev og vakre klangflater, rurale folketone-ekko frå hardingfelestrøk og heftig urban improvisasjon.

Karl Seglem, t.sax, bukkehorn, elektronika, Håkon Høgemo, hardingfele, Gjermund Silset, el.bass, bass, el.gitar, Olav Torget, ak.,el., kinesisk måne gitar, ngoni, baglava, Helge A. Norbakken, trommer, perkusjon


THE TUNE EDVARDEN - from this album

# Tittel Spelelengde
1 3 min 42 sec
2 3 min 24 sec
3 4 min 25 sec
4 3 min 33 sec
5 5 min 24 sec
6 3 min 50 sec
7 5 min 46 sec
8 6 min 29 sec
9 9 min 51 sec
10 3 min 58 sec
Lanseringsår 
2006
Katalognummer 
NORCD0661

Andre utgjevingar

Nordic Balm LP
NORCD1779
Budda & Reven - single
featuring Odd Nordstoga