JAZZ, FOLK, WORLD MUSIC
Old Traditions New Sounds
Urjen

Innspelinga høyrleggjer eit unikt materiale, eineståande formidla. Berre nokre av slåttane har vore gitt ut før – mellom anna på LP med Eivind Groven der han sjølv spelar. I CD-alderen har det ikkje vore noko samla utgiving der Eivinds slåttar har vore med, berre spreidde ting. Stein Versto formidlar tradisjonane etter desse spelemennene på ein kraftfull og forfriskande måte. Han har ein eigen spelestil som vekslar mellom det mjuke og lyriske, samstundes som krafta, framdrifta og linjene i musikken kjem til sin fulle rett. Versto er ein mogen spelemann og leverer eit sjeldan sterkt og utadvendt debut-album. Og “Urjen” vil utan tvil vera til stor inspirasjon for yngre spelemenn og kvinner av idag – slik Stein Versto som læremeistar også er det. Stein Versto var aktiv med hardingfela i ein tidleg periode av livet, både med kappleikspeling og konsertering. Så tok skrivinga og litteraturen over. Han er idag ein framståande forfattar med fleire kritikarroste novelle- og diktsamlingar bak seg, i tillegg til at han har produsert song-tekstar for m.a. Odd Nordstoga. I dei siste åra har han teke hardingfelespelet oppatt. Groven-slåttane har følgt han heilt sidan spelinteressen vakna for alvor, først Olavs spel, seinare slåttane til Eivind. Dei viktigaste kjeldene og inspiratorane til Stein Versto har vore Eivind Mo, Kjetil Løndal, og Bjarne Herrefoss.
# | Tittel | Spelelengde |
---|---|---|
1 | 4 min 56 sec | |
2 | 3 min 20 sec | |
3 | 3 min 26 sec | |
4 | 50 sec | |
5 | 2 min 36 sec | |
6 | 3 min 51 sec | |
7 | 41 sec | |
8 | 3 min 48 sec | |
9 | 2 min 58 sec | |
10 | 3 min 9 sec | |
11 | 3 min 41 sec | |
12 | 3 min 16 sec | |
13 | 2 min 28 sec | |
14 | 3 min 5 sec | |
15 | 45 sec | |
16 | 3 min 46 sec | |
17 | 4 min 16 sec |