Østerdalsmusikk

Det er 40 år sidan (i 2015) at primus motor, trompetist, trommis, komponist og arrangør Torgrim Sollid lanserte det mange reknar som den første norske utgjevinga der jazzmusikk vart kobla med norsk folkemusikk. Musikk i Hedmark ved Torbjørn Bekkevold, tok initiativet til at eit nytt østerdalsmusikk vart forma i 2011. Då med ein ny generasjon musikarar frå ulike sjangerar.

Torgrim Sollid, trompet, trommer, vokal Guro Gravem Johansen, vokal Margrete Nordmoen, vokal Sigrun Eng, cello

Tom Lund, gitar, vokal Morten Halle, saxer Helge Lien, piano Sigurd Hole, bass Birger Mistereggen, trommer, perkusjon

 

Utgjevingar

Nyheter

Spellemannpris-nominasjon 2015

Det er ei stor glede å melde at dobbel-vinylutgjevinga med Østerdalsmusikk 1975-2015 er nominert til Spellemannprisen i klassen for folkemusikk/tradisjonsmusikk. Utdelinga av prisen skjer i Oslo 30. Januar. Vi kryssar fingrane for NORCDs 3dje Spellemannpris.

Dobbel vinyl 1975-2015
Torgrim Sollid

Det er ei historisk hending når Østerdalsmusikk 1975 no blir tilgjengeleg igjen. Både på vinyl - og digitalt (sleppdato 20.09.2015) NORCD er svært stolte over å presentere vår første doble vinylutgjeving der nyinnspelinga som kom ifjor, er tilgjengeleg på vinyl saman med originalen. Det er 40 år sidan primus motor, trompetist, trommis, komponist og arrangør Torgrim Sollid lanserte det mange reknar som den første norske utgjevinga der jazzmusikk vart kobla med norsk folkemusikk. Saman med førsteutgjevinga lanserer vi den nye innspelinga som kom på CD tidlegare i år på vinyl.

"Det var en tilfeldighet at jeg stiftet bekjentskap med folkemusikken fra Østerdalen, og spesielt fra min hjembygd Stor-Elvdal og Sollia, representert ved O.M. Sandviks bok Østerdalsmusikken. Det var som å stupe ned i en skattkiste av musikk"  seier Torgrim Sollid."

Torgrim Sollid fann til slutt ut at originaltapene var teke vare på av lydteknikar Håkon Manheim, i Seljord. Vi fekk dei trygt overspelt i Rainbow av Hr. Kongshaug. Østerdalsmusikk 1975 er ei fantastisk innspeling. Det er rett og slett slik at vi lurer på kvifor ikkje fleire norske jazzmusikarar greip tak i eller vende seg til sine heimlige røter og utforma noko liknande. Eineståande spel, arrangement og improvisasjonar. Og det må nevnast at "nyoppfunne greier" som klangmaskiner og bruk av headset set sit preg på nokre spor. Og ein høyrer at musikarane har det moro. Ellers er det beint fram musisering i eit homogent og energifyllt lag av musikarar som seinare har hatt størst mulig betydning for utviklinga av norsk jazz fram til idag. Sett dykk ned og lytt - og lær!

Musikk i Hedmark ved Torbjørn Bækkevold har hovudæra for at Østerdalsmusikk 1975 - 2015 er eit faktum.

Torgrim Sollid i 1975:

"Dænni plata er spelt inn førde vi syns det er riktig å drive med de musikalske røttn våre. Og så syns vi det er synd at ingen har hørd all denna fine musikken på synnsameli lenge. Vi takker O.M.Sandvik for´n skrev "Østerdalsmusikken", og vi takker´n Ingolf S. Hanssen på Koppang for at´n hadde dænni boka i hylla, slik at vi fekk sjå´n. Og blomster åt a Helga Hagestuen som lærde øss Polsdainsen. Er det nåen som vil væta mer, så får døm læsa i hefte som ligg inni omslaget. Så får dø ha det bra med musikken"

           

Lanseringskonsert

Fredag 23.januar har Østerdalsmusikk open lanseringskonsert i - NRK-studio 19, Kringkastingshuset i Oslo.

Det er framleis billettar igjen. Send epost til: post@musikkihedmark.no

Albumet mottek strålande kritikkar og dette er førebels einaste sjangsen til å høyra den unike tentetten. Det blir sjølvsagt mulig å kjøpa signerte CD´ar.

"Musikken fra Østerdalen er veldig spesiell og veldig sangbar, noe dette ensemblet klarer å få fram på en strålende måte."                                 Jan Granlie, Salt Peanuts

"Østerdalsmusikk fra 1975 er vanskelig å få tak i, de selges for 5-700 spenn på nett, og er ikke gjenutgitt på cd. Østerdalsmusikk 2015 er en helt annen musikkopplevelse, men også den er musikk du ikke vil gå glipp av."  Carl Petter Opsahl

Ny Østerdalsmusikk opnar 2015

Vi er svært stolte over å presentere ei ny innspeling bygd på legendariske Østerdalsmusikk som kom ut på LP i 1975. Det er altså 40 år sidan primus motor, trompetist, trommis, komponist og arrangør Torgrim Sollid lanserte det mange reknar som den første norske utgjevinga der jazzmusikk vart kobla med norsk folkemusikk.

Musikk i Hedmark ved Torbjørn Bækkevold, tok initiativet til at eit nytt østerdalsmusikk vart forma i 2011. Då med ein ny generasjon musikarar frå ulike sjangerar. Ensemblet gjorde konsertar i Norge og Sverige og innspelinga som blir lansert i januar 2015 er basert på opptak frå desse konsertane.Vi har fått ein sterk oppfølgar til originalen der ensemblespel og solistiske prestasjonar overgår mykje av det som blir skapt i denne sjangeren.  NORCD trur Østerdalsmusikk anno 2015 vil leve minst like lenge som originalen frå 1975. Sleppdato er 16.01.15 digitalt og på CD.

Torgrim Sollid om Østerdalsmusikk anno 2015:  "Vi har delvis flytta inn i det gamle huset fra 1970-tallet, men revet noen vegger og bygd på noen rom, samt skifta ut mye av inventaret. Grunnmuren er beholdt, i form av stor respekt for det de gamle tradisjonsbærerne fortsatt har å fortelle oss"