Berit Opheim

Berit Opheim, norsk folkesongar, kvedar og komponist, utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Opheim har vore knytt til Ole Bull Akademiet på Voss sidan 1992. Ho meistrar folkemusikk/kveding, men har òg drive med klassisk song og i det seinare òg såkalla «tidleg musikk». Opheim byrja tidleg å delta i samarbeidsprosjekt med ulike musikarar, og medverka blant anna på CD-ane Sogn-a-Song (1991 med Karl Seglem), Fryd (1998 med Kjellmyr, Mjølsnes, Jørgensen og Apeland) og Song (2003, med gruppa Utla). Ho hadde òg ei sentral rolle på plateprosjekta Dåm (1995) og Bergtatt (1999), saman med Sondre Bratland og Oslo Kammerkor. Opheim vann klassa for vokal folkemusikk på Landskappleiken i 1992, 1995 og 1996 og open klasse i 2004. I 1997 gav ho ut sitt fyrste soloalbum, Eitt steg. CD-en Småkvedarane frå Voss (2000) er eit resultat av eit opplæringsprosjekt i hennar regi. Opheim har samarbeidd med komponisten Lasse Thoresen, blant anna om verket Løp, lokk og linjar (utgitt på CD i 2005). Dette samarbeidet har ført til ei rekkje konserter i inn- og utland. Med trioen BNB (Berit Opheim, Nils Økland og Bjørn Kjellemyr) var Opheim med på CD-en Ein song frå dei utsungne stunder (2005). Hausten 2005 og vinteren 2006 hadde Opheim ei heilt sentral rolle i folkemusikkoperaen Tryllefløyta som gjorde stor suksess både i Norge og Sverige. Opheim gav i 2007 ut den andre soloplata si Den blide sol med organisten Sigbjørn Apeland. Dette året stod ho òg for årets tingingsverk på Vossajazz saman med Ståle Storløkken, Ein engel går stilt. Eit samarbeid med musikarane Kritin Skaare, Benedicte Maurseth og Åsne Valland Nordli resulterte i CD-en Fodne ho svara stilt - Folketonar frå Hardanger samla av Geirr Tveitt (2008). Opheim kom med den tredje soloplate si i 2008 - Eg har det på tunga, slåttetralling utan akkompagnement. Gabriel Fliflet gav ut CD-en Rio Aga i 2008, dette byggjer på eit tingingsverk på Vossajazz. Her står Opheim for dei viktigaste vokale innslaga, og den eine av songane, Ute på havet, blei ein "hit" på Vestlandet. Opheim har samarbeidd over tid med musikaren og komponisten Karl Seglem, og i 2009 kom CD-en Draumkvedet der Opheim framfører dette unike verket både a cappella og med tonefylgje av Seglem. Ein annan musikar og komponist Opheim har samarbeidd med er Frode Fjellheim, ho hadde ei sentral rolle i tingingsverket Biejjien vuelie - Solkvad framført på Osafestivalen 2011. Verket kom på CD i 2013. Opheim har òg ei solistrolle på to av utgjevingane til Det Norske Solistkor, White nights (2010) og Rós (2013 - juleplate). Her deltek òg folkemusikaren og felespelaren Gjermund Larsen. Opheim har i 2013 starta eit duosamarbeid med tidlegmusikaren Rolf Lislevand. Fra 1. januar 2014 er Opheim fullverdig medlem av den internasjonalt kjende vokaltrioen Trio Mediaevel, dette som eit resultat av eit fleirårig samarbeid.

 

ENglish summary: Berit Opheim is a highly respected and talented singer, and one of the foremost female singers in Norway today. During the past fifteen years she's been working on many recordings and toured Norway and abroad. She has received several prizes and awards and is a member of different ensembles. Her clear and strong voice and her skills to built further on folk music traditions is in many ways groundbreaking on the national Norwegian music scene.

Utgjevingar