Eplemøya Songlag

Med sin særeigne miks av dramatikk, eksperimentell improvisasjon, humor og bisarre fortellinger, sang Eplemøya Songlag seg inn i mangt et hjerte med sitt debutalbum i 2010. Møya og myten tek utgangspunkt i norske og internasjonale sagn, mytar og moderne vandrehistoriar. Historiane presenterast ved gamle og nye tekster - nokre er skrive av Eplemøyane sjølv, ein er ført i pennen av Ragnar Hovland, og Torgeir Rebolledo Pedersen har skrive eit tingingsverk. Det er den norske folkemusikktradisjonen som ligg til grunn, men her er også spor av fleire musikalske stilartar og folkemusikalske uttrykk fra andre deler av verda. Med Møya og myten har vi gleda av å høyre Eplemøya Songlag sin unike kombinasjon av ein folkesonger og to jazzsongarar, a cappella. Dette er eit nyskapande uttrykk i det norske folkemusikalske universet. Sammen formar dei eit lydlandskap som tek vare på kvar enkelt songers eigenart og ulike musikalske røynsle. Dette gjør Møya og myten til eit svært spennande andrealbum.

”Konservativt og moderne, nytt og gammelt..(..)..Som Portishead i møte med et bulgarsk kvinnekor...” Guttorm Andreasen/DJ999 /Wasabi

Utgjevingar