Fivil

Fivil i farta

Fivil tyder myrull på vinjemål. Små, vakre, hardføre ulltustar stend kvar for seg og lyser opp av mosen på hustrige knausar og nakne vidder. Slik er folkesongen også. Enkeltståande og vakker på sitt eige rufsete vis, har den overlevd mange vindkast. Duoen Fivil har eit ynskje om å ta vare på denne rufsete, vare skjønnheita samtidig som dei utvidar solokonseptet og testar folkesongen opp mot sin eigen variantrikdom og deira eigen kreativitet. Ingen instrument, ingen effektar. Berre to ulike stemmer og kjærleik til musikken. Fivil tar utgangspunkt i den norske folkemusikken som tradisjonelt har blitt sunget solo og arrangerer den for to stemmer. Ved å leke med individualitet i samspill oppstår det spennende samklanger som fremhever folkemusikkens særpreg.

Fivil er:  Ingebjørg Lognvik Reinholdt, vokal og Kirsti Bakken Kristiansen, vokal

Utgjevingar

Nyheter

Kirsti Bakken Kristiansen i Fivil til finalen i introFolk
Fivil i Lira #4 2015

Duoen Fivil får finfin omtale i siste nummer av Lira (SE). "Fivilslåtten" frå debutalbumet er også med på samle-CD´en som kjem ut saman med det svært bra tidskriftet. Lira-CD en gjev eit svært godt lydbilde av kva som rører seg i nordisk folkemusikk akkurat no.

Den eine halvdelen av duoen Fivil, Kirsti Bakken Kristiansen, som også har komponert Fivilslåtten, er klar for finalen i INTROfolk som blir arrangert på Folkelarm i Oslo kommande helg (24-27.9.15.). INTRO-folk er ei tevling og eit lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar arrangert av FolkOrg i samarbeid med ulike norske folkemusikk/vertsfestivalar.

Duoen Fivil

Vi ser veldig fram til å presentere det fine folkemusikkalbumet til Fivil som kjem 3.9.2015. Før den tid dreg duoen no i juni på spelferd til mange barnehagar i Telemark. Der vil dei nok bli godt mottekne. Fivil tek utgangspunkt i den norske folkemusikken som tradisjonelt har blitt sunge solo og arrangerer den for to stemmer. Ved å leika med individualitet i samspelet oppstår det spennande samklang som framhevar folkemusikken sitt særpreg.

Ingebjørg Lognvik Reinholdt, vokal

Kirsti Bakken Kristiansen, vokal