Glima

Glima er ein utradisjonell stryketrio som spelar norsk folkemusikk i eigne arrangement. Musikarane har solid forankring i den tradisjonelle norske folkemusikken, men let seg inspirere av andre impulsar: nasjonale og internasjonale. Repertoaret spenner frå drivande danseslåttar med rytmisk snert til vare visetonar i nennsame arrangement. Cello og bratsj ikkje berre akkompagnerer, men følgjer den tradisjonsklingande hardingfela inn i musikken. Dermed opnar det seg opp ei ny verd. Trioen har spelt saman sidan 1997. Torunn R. Rue og Ragnhild Knudsen har fleire gonger vunne gruppespel under Landskappleiken. Glima har framført musikken sin på mange ulike scener, delteke på Telemarkfestivalen, Jorvik VikingFestival (York/UK) og hatt konsertar på Island. Trioen har spelt ei rekke konsertar for eit variert publikum frå barnehage, via offentlege tilstelningar på kulturarenaer, til kyrkjekonsertar.
Hausten 2016 kjem deira tredje utgjeving med tittelen "Ljose-Signe"

Utgjevingar