Isglem

"Det låter som en frijazzkappleik når Isglem går løs for fullt" Terje Mosnes om Isglem.

Duoen Isglem er ein av dei fremste eksponentane for fri improvisert musikk i Norge, og vert rekna blant pionerane for denne musikken si utbreiing, frå seint 80-tal og fram til dagens ekspansive norske impro-scene. Isglem har spelt saman sidan 1987. Duoen har gjeve ut fire CD´ar: "ROM" 1991 - "TO STEG" 1992 - "NULL G" 1996 og "FIRE" 2003. Den femte blir lansert i 2015. Ingen konsertar med Karl Seglem og Terje Isungset er like. Alt kan skje - og skjer, når to improvisasjonsmusikarar med interesse for stilla, støy, og alle slags lydar utfordrar kvarandre. Duoen har spelt langt over 2000 skulekonsertar og viser og høyrleggjer ein kommunikasjon og ein interaksjon som er eineståande. Lydlandskapa svingar frå det ekstremt komplekse til det reinskore og enkle. Alt levert med ein overtydande energi og med ekstremt fokus. ISGLEM har dyrka fram sin særeigne musikk og har eit personleg frimusikalsk uttrykk med tydelege lydrøter i det norske. Ei rekke framtredande musikk-kritikarar i inn- og utland har gjeve Isglem svært positive kritikkar. Duoen har spelt på ei rekke klubbar og festivaler i Europa og turnert barneskuler i Norge for Rikskonsertene sidan 1991.

Isglem started to play together as a duo in 1987. Along with Frode Gjerstad (Norwegian saxophonist), they are pioneers of free improvised music in Norway. The duo´s music is based on elements drawn from Norwegian folk music and modern European improvised music. Isglem creates assorted soundscapes, from the most energetic and expressive sound blasts to serene and moody innuendos, combined with a unique personal sound and a distinctive identity.
“Music that has deep roots in an expressionistic idiom, and that is so accomplished, both musically and technically, that the tunes remain in the listener’s memory like shining stars...” Kjetil Berg, Jazznytt Magazine, 1997.

Utgjevingar

Nyheter

Isglem´s nye album får overstrøymande mottaking
Isglem. Kritikk av Isglem 5te (2016), Aftenposten, Svein Andersenn