Kristoffer Eikrem

Kristoffer Eikrem (1989) er ferdigutdanna (bachelor) på jazzlinja ved Norges Musikkhøgskole, og har sidan 2012 livnært seg som frilansmusikar og trompetinstruktør. Han har turnért store deler av Norge, deler av Europa, India og Sør-Afrika med bl.a Mopti, Mathias Stubø Band, Dr. Kay & His Interstellar Tone Scientist og Kristoffer Eikrem Kvartett. I tillegg har Kristoffer bidrege på ei rekke album. I 2012 vart Kristoffer Eikrem kåra til "Årets unge jazzmusikere" (GRAMO, Rikskonsertene, Norsk Jazzforum) saman med gruppa Mopti. 

Kristoffer Eikrem (1989) is educated (bachelor) as a Jazzmusicien at the Norwegian Academy of Music, and has since 2012 made a living as a freelance musician and trumpet instructor. Kristoffer has contributed on a number of albums. In 2012 was Kristoffer Eikrem awarded "Young jazz musicians of the year" with the group Mopti.

Utgjevingar

Nyheter

Kristoffer Eikrems debut

Trompetaren Kristoffer Eikrem (kjent frå m.a. Mopti), har saman med pianisten Kjetil Jerve skapt eit eneståande solo-debut album i norsk jazz. Duoen spelar cooljazz-inspirerte låtar med eit retrospektivt blikk på Lennie Tristano og hans omgangskrets av dyktige musikarar. Eit unikt samspel basert på eit lengre samarbeid, og med musikk som framstår som eigenarta og karakteristisk. Duoen formidlar glitrande spel i eit glassklart, nært og direkte lydbilde. Gjennomsiktig og skjørt, og med nerve og intensitet. Feeling//Emotion har motteke svært positive omtalar og duoen gjennomførte ein suksessfull lanseringsturne i november-desember 2014.