Stein Versto

Dei viktigaste kjeldene og inspiratorane til Stein Versto har vore Eivind Mo, Kjetil Løndal, og Bjarne Herrefoss. Stein Versto var aktiv med hardingfela i ein tidleg periode av livet, både med kappleikspeling og konsertering. Så tok skrivinga og litteraturen over. Han er idag ein framståande forfattar med fleire kritikarroste novelle- og diktsamlingar bak seg, i tillegg til at han har produsert song-tekstar for m.a. Odd Nordstoga. Dei siste åra har han teke hardingfelespelet oppatt. Groven-slåttane har følgt han heilt sidan spelinteressen vakna for alvor, først Olavs spel, seinare slåttane til Eivind. Versto er frå Vinje i Telemark og sjølv om Groven-garden ligg i nabokommunen Tokke, var tradisjonane og spelet mykje ein del av familie- og nærmiljøet.

Utgjevingar