Andreas Haddelands tilhørighet

Gitarist og komponist Andreas Haddelands univers er ei blanding av poetisk akkordbasert jazzmusikk og reinare riffbasert gitartriolyd. Hans trio har hatt lanseringsturne i Akershus og vore eit pilot og gründerprosjekt for å tilrettelegge for fleire å starte og drive jazzkliubb. Heile ni konsertar gjennomførte trioen i haust. Når Haddeland som 37-åring platedebuterer som bandleiar og låtskrivar er det ein moden musikar vi møter. Jazzmusikk som set samspel framføre enkeltprestasjonar. Opptaka er gjort live i studio med tre fokuserte musikarar tett på kvarandre i samme rom. Musikalsk vert linjene dregne frå lokalt engasjement til den internasjonale jazzscene. Den røynde lyttar vil finne referanser til Jarrett/Garbarek/Danielsson/Christensens legendariske plate Belonging frå 1974.

Artist 
Andreas Haddeland