BakerHansen single

Baker Hansen er historia om fem norske jazzutøvarar som tok Chet Baker med på ei norsk språkreise.
 Resultatet er eit spennande møte mellom amerikansk cooljazz og norsk fjelluft, tidlege jazzstandarder og vårt eige morsmål. 

Kva har Chet Bakers vestkyst-sound med norsk lyrikk å gjere? Ikkje så lite, faktisk. Fleire års opphald i Skandinavia på 80-talet førte til at Chet sjølv samarbeida med ei rekke norske musikarar, og særleg kjent er album-samarbeidet med poeten Jan Erik Vold
, samt turneane med pianist Erling Aksdal og bassist Bjørn Alterhaug. Når så kvintetten BAKER HANSEN tek opp arven, er det låtar frå Chet Bakers repertoar som har fått fornya kraft gjennom nyskrivne, nynorske tekstar, gjendikta av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. At tekstane er på vårt eige språk gjev publikum høve til å møte denne musikken på nært hald, og høyre med "nye øyre" på klassikarar frå standardrepertoaret. Gjennom friske arrangement med hint av både nostalgi og nyskaping let Baker Hansen sitt publikum gjenoppdage ei jazzlegende, og samstundes vil mange få øyrene opp for unge utøvarar på den vitale norske jazzscena. Singelen "På vakt" var lansert i samband med deira omfattande turne i Nord Norge hausten 2014.