Big Dipper & Bare Jazz (Oslo)

Vi har lenge hatt eit fint samarbeid med platebutikkane Big Dipper og Bare Jazz i Oslo. Dette er konseptbutikkar som gjev deg langt meir enn muligheiten til å få tak i og kjøpa fysiske fonogram på cd og vinyl. Vi vil tilrå desse to butikkane dersom du er på utkik etter våre utgjevingar. Begge stadene har også scener der det blir presentert live-musikk. Mange av våre artistar har spelt der i samband med lanseringsturnear - slepp. Følg med på sidene her for info om konsertar i 2015.