Dagsavisen om "Vår bakgård"

Dagsavisen skriv om "Vår Bakgård"
"Kosmonavt er eit bandnamn med dobbel botn. Har det med romfart å gjere eller er NAV involvert på ein finurleg måte? Ikkje veit eg, men vita fortel at bandet har eksistert sidan 2008 og har turnert flittig både i Norge og utlandet. Slik tek den nye jazzgenerasjonen seg fram over alt i verda, og med debutalbumet «Bakgård» er den musikalske beskjeden klar. Dei som spelar er saksofonisten Inge W. Breistein, gitaristen Aron Nørstebø, bassist Audun Reithaug og Brage Tørmænen på trommer. Musikken har dei snikra sjølve, kjappe låtar framført med stor energi frå «Tirana Express» til «Sult», med «Koste hva kosten vil» som motto når dei gjer Norge på langs eller i utland som Danmark og Russland, og ein lengre turne i vår i Polen, dit dei skal attande i oktober. Om du trur saksofonen har hengt seg opp ein gong når du høyrer «Nattland», så er det forbigåande. På balladen «Hymne» er han smektande vakker, «Country Joe» er akkurat det, og slik vekslar det i tempo og uttrykk utan at det vert masete. Og dei har forstått at ein platedebut på 45 minutt er tingen" Roald Helgheim
Kosmonavt har konsert på Nasjonal Jazzscene i Oslo 19. september.

Artist 
Kosmonavt