Den tredje dagen

Parallax

Dette er tittelen på Parallax sitt nye album. Trioen har ei open og leiken tilnærming til spontan musisering, og har etter mange aktive år opparbeida seg eit unikt sound. På si tredje plateutgjeving ville dei gjera noko nytt. Dei inviterte med seg musikar og komponist Rob Waring til å produsere innspelinga, og gjennom tre døgn i havgapet på Giske utanfor Ålesund vart plata spelt inn. Med utgangspunkt i enkle skisser og strukturar vart materialet utvikla gjennom ein spennande, kreativ og lærerik prosess. Det nye for Parallax som improvisasjonstrio er her at dei nyttar studioet sine muligheiter for klipping, pålegg og tilskrudde klanglege nyanser. Tid, stad og rom er medskaparar til trioens musikalske valg, der musikken aldri kan settast i bås.

Parallax er: Stian Omenås, trompet, perkusjon, Are Lothe Kolbeinsen, gitar, prep., Ulrik Ibsen Thorsrud, trommer, perkusjon

Artist 
Parallax