Ei personleg utgjeving.

Folkesongar Kari Malmanger sitt debut-album er ei personleg plate som har sprunge ut av hennar møte med lokal songtradisjon frå Kvinnherad, Voss og Sogn. Plata inneheld både solosong og songar framført i lekkert, leikent og stilreint samspel med fele, harmonium og gitar. Vare stemningsfulle melodiar legg seg fint attmed meir humoristiske viser og barnesongar. Malmanger (f. 1978) kjem frå Rosendal og er no busett i Sogndal. I tillegg til å synge solistisk og i tradisjonell stil, er ho heller ikkje framand for å bruke improvisasjon i konsertsamanhengar. Kari er utdanna frå Raulandsakademiet, Kvedarskulen på Ole Bull Akademiet og har master i Etnomusikologi frå Universitetet i Bergen. Ho stiller i A-klassen i kveding, og opptrer som musikar i inn-og utland. Tidlegare har ho medverka på CDen ”Som den gyldne sol frembryter” med Bergen Big Band.

Artist 
Kari Malmanger