Ein juvel av eit album. Slepp 16.06.2017.

Foto: Johan Hauknes  (DAHL/OSTAD)

Vi kjem litt ut av dvalen og gler oss til fredag 16.06.17. Då kjem albumet "Jeg roper til deg" med Torhild Ostad og Carsten Dahl ut.

Les den fine artikkelen Johan Hauknes har forfatta om innspelinga. Han var til stades. Du finn den her på Salt Peanuts (klikk)

Albumet inneheld nykomponert musikk og nyskrivne tekstar av Torhild Ostad, samt tradisjonsmateriale, norske religiøse folketonar og kveldssalmar. Carsten Dahl bidreg med opne improvisasjonar i tillegg til sin smakfulle og fantasifulle bruk av dei mange klangpallettane som finst i eit flygel. Tekstane er personlege men ikkje private, på bokmål og nynorsk. Songene er
 billedlege i uttrykket og står godt kvar for seg men er og tenkt i ein samanheng. Tekstane er ei reise i levd liv og menneskesinn. Frå vogge til grav. Relasjon og tradisjon. Tekst og musikk høyrleggjer klåre linjer frå tradisjonsmusikken over i eit poetisk notidig og meir urbant uttrykk. Musikk som overskrid sjangergrenser; det er ikkje jazz, det er ikkje folkemusikk, det er ikkje norsk singer-songwriter. Det er ingen av delene, det er alt dette, og meir -