Indie Label Market i Oslo

Laurdag 7. mars midt i og under by:Larm - Oslo, samlar bransjeorganisasjonen FONO mange uavhengige plateselskap i eit stort telt på Youngstorget for å møta publikum og markere den underskogen av kreativ kraft som finst i den uavhengige delen av musikkbransjen.

16 små og store selskap - med NORCD på laget, vil presentere sin profil. Her kan du lytta til musikk, kjøpa musikk, finna spesialutgåver, sjekke merchandise og snakka med talspersonar for selskapa.

Og frå by:Larm-scenen spelar: 11.30 Marcus Løvdal Band 12.30 Lumikide 13.30 Kristin Fjellseth 14.30 Frøkedal og Familien

Independent Label Market er ein institusjon i fleire byar i England og USA. Det er andre gang noko slikt vert arrangert i Norge. Arrangementet er gratis og åpent for alle. Kom kom! NORCD er på plass med Cds og vinyl, plakatar, katalogar, flyers - og kort-terminal. Vi har tilogmed med det nye albumet til BenReddik - som først har slepp 27.3. Eksklusivt førehandsal.