Kristoffer Eikrems debut

Trompetaren Kristoffer Eikrem (kjent frå m.a. Mopti), har saman med pianisten Kjetil Jerve skapt eit eneståande solo-debut album i norsk jazz. Duoen spelar cooljazz-inspirerte låtar med eit retrospektivt blikk på Lennie Tristano og hans omgangskrets av dyktige musikarar. Eit unikt samspel basert på eit lengre samarbeid, og med musikk som framstår som eigenarta og karakteristisk. Duoen formidlar glitrande spel i eit glassklart, nært og direkte lydbilde. Gjennomsiktig og skjørt, og med nerve og intensitet. Feeling//Emotion har motteke svært positive omtalar og duoen gjennomførte ein suksessfull lanseringsturne i november-desember 2014.

 

Artist 
Kristoffer Eikrem