Midnattskonserten under Moldefestivalen 2018 - Ein juvel av eit album

Foto: Johan Hauknes  (DAHL/OSTAD)

Torhild Ostad og Carsten Dahl gav ut "Jeg roper til deg" i juni 2017. Det er svært gledeleg at dei no endeleg skal presentere musikken frå denne juvelen av eit album, til eit stort publikum i Molde domkyrkje 20 juli 2018 kl. 23.00. Dette kan vi ikkje få tilrådd sterkt nok. 

Albumet har fått overveldande mottaking internasjonalt. "An outstanding collection of soothing hymns and a highlight, not only in discographies of Ostad and Dahl, but an album that could be a potential Scandinavian classic" skriev Jakob Baekgaard i All About Jazz.

Det inneheld nykomponert musikk og nyskrivne tekstar av Torhild Ostad, samt tradisjonsmateriale, norske religiøse folketonar og kveldssalmar. Carsten Dahl bidreg med opne improvisasjonar i tillegg til sin smakfulle og fantasifulle bruk av dei mange klangpallettane som finst i eit flygel. Tekstane er personlege men ikkje private, på bokmål og nynorsk. Songene er
 billedlege i uttrykket og står godt kvar for seg men er og tenkt i ein samanheng. Tekstane er ei reise i levd liv og menneskesinn. Frå vogge til grav. Relasjon og tradisjon. Tekst og musikk høyrleggjer klåre linjer frå tradisjonsmusikken over i eit poetisk notidig og meir urbant uttrykk. Musikk som overskrid sjangergrenser; det er ikkje jazz, det er ikkje folkemusikk, det er ikkje norsk singer-songwriter. Det er ingen av delene, det er alt dette, og meir - 

Her er ein artikkel Johan Hauknes har forfatta om innspelinga Salt Peanuts (klikk)

Artist 
Torhild Ostad og Carsten Dahl