Ny Østerdalsmusikk opnar 2015

Vi er svært stolte over å presentere ei ny innspeling bygd på legendariske Østerdalsmusikk som kom ut på LP i 1975. Det er altså 40 år sidan primus motor, trompetist, trommis, komponist og arrangør Torgrim Sollid lanserte det mange reknar som den første norske utgjevinga der jazzmusikk vart kobla med norsk folkemusikk.

Musikk i Hedmark ved Torbjørn Bækkevold, tok initiativet til at eit nytt østerdalsmusikk vart forma i 2011. Då med ein ny generasjon musikarar frå ulike sjangerar. Ensemblet gjorde konsertar i Norge og Sverige og innspelinga som blir lansert i januar 2015 er basert på opptak frå desse konsertane.Vi har fått ein sterk oppfølgar til originalen der ensemblespel og solistiske prestasjonar overgår mykje av det som blir skapt i denne sjangeren.  NORCD trur Østerdalsmusikk anno 2015 vil leve minst like lenge som originalen frå 1975. Sleppdato er 16.01.15 digitalt og på CD.

Torgrim Sollid om Østerdalsmusikk anno 2015:  "Vi har delvis flytta inn i det gamle huset fra 1970-tallet, men revet noen vegger og bygd på noen rom, samt skifta ut mye av inventaret. Grunnmuren er beholdt, i form av stor respekt for det de gamle tradisjonsbærerne fortsatt har å fortelle oss"

Artist 
Østerdalsmusikk