Storm

Som gitarist jobbar Håkon Storm i spennet mellom ein utforskande, ekspressiv spelestil og melodiøse linjer, lyriske klangar. Hans bruk av både akustiske og elektriske gitarar, skapar fine musikalske variasjoner og kontrastar. Det meste av materialet på hans to soloutgjevingar er eigenkomponert og improvisert, og på "Fosfor" som vart lansert våren 2014 fann han også fram eit par klassiske jazz-låtar. Gitaristen, komponisten og bandleiaren har brei bakgrunn frå det rytmiske feltet. Han har spelt rock, fusion, jazz og meir eksperimentelle stilartar. Gjennom ulike prosjekt har Håkon Storm samarbeida med nokre av Norges fremste musikarar, og er fast medlem av Thomas Winther Andersens band. Som komponist har han produsert musikk for både storband og mindre ensembler. Vi er stolte over å ha presentert Håkons gitarspel på utgjevingane Fosfor (2014), Zinober (2012), Spinnaker (2012), Patchwork (2010) Out from a cool storage (2003), Line up (1998)

Artist 
Håkon Storm